Klargjør siden...

Oberegger og Kaas overtar skiskyttarjentene

Italienske Patrick Oberegger og Sverre Waaler Kaas er tilsette som landslagstrenarar for Tiril Eckhoff og resten av skiskyttarlandslaget for kvinner.

Dei to erstattar dermed Stian Eckhoff og Steinar Mundal, som gav seg etter førre sesong.

Oberegger blir hovudtrenar med fokus på skyting, mens Kaas har ansvaret for den fysiske treninga.

- Vi er stolte og forventningsfulle over å ha fått med oss Patrick og Sverre. Dei to peikte seg ut som våre klare førsteval etter ein lang og brei prosess med både norske og internasjonale namn på blokka, seier idrettssjef Odd-Bjørn Hjelmeset i Norges Skiskytterforbund.

Base i Oslo

Patrick Oberegger har jobba med det italienske skiskyttarlandslaget i fem år, deriblant som landslagssjef det siste året.

Sverre Waaler Kaas har ein mastergrad i idrettsvitskap og har tidlegare vore langrennstrenar i Heming og på Wang toppidrettsgymnas. Han har også tidlegare vore trenar for juniorlandslaget i orientering.

Den nye trenarduoen vil bu i Oslo, men også vere mykje på Lillehammer for å følgje opp løparane som bur der.

- Det har vore eit klart ønske frå utøvarane å bli følgt tett opp i kvardagen, og ikkje berre på samlingar. Det har vi lytta til. Derfor vil Patrick reise med laget på alle konkurransar vinteren igjennom. Slik sikrar vi meir kontinuitet på skytetreninga heile sesongen igjennom, noko løparane har etterlyst, seier Hjelmeset.

Får tett oppfølging

Løparane verkar fornøgde.

- Vi får no eit trenarteam som vil følgje oss tett opp og vere til stades for oss heile tida. Det har vore det viktigaste ønsket vårt, seier Tiril Eckhoff.

- Patrick har ein spennande trenarfilosofi, spesielt med fokus på lagbygging. Vi har sett andre norske landslag heve seg stort når kollektivet blir verkeleg gode på å vinne og tape som eit lag. Det må vi strekkje oss etter, seier Marte Olsbu.

Oberegger og Kaas leier dei norske jentene i si første samling denne veka.

(©NPK)

Tiril Eckhoff og lagvenninnene får nye trenarar. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Annonse