Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Martin Ødegaard har vore ute med brot i foten i heile vår, og er ikkje klar for landskampane mot Island og Panama.
adrian.richvoldsen@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 28.05.2018 kl 17:35
Ødegaard er likevel med i troppen for å vere med på «gjennomgang» med landslaget før Nations League til hausten.
- Det er kjedeleg med to brot i ein sesong, seier Ødegaard til NTB.
Barna som var med på Åpen dag flokka seg rundt Real Madrid-spelaren, og 19-åringen stilte villig opp på bilete då A-landslaget trente på Ullevaal måndag.
I staden for å trene, tok Ødegaard ein tur i treningssenteret på utsida. Ødegaard kan ikkje drive med løpstrening før tidlegast til veka.
Det er uklart kvar stortalentet spelar neste sesong. I år har han vore lånt ut til Heerenveen.
(©NPK)
Herrelandslaget i fotball trenar på Ullevaal før landskamp mot Island laurdag. På grunn av skade trenar Martin Ødegaard på Sats. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.