Klargjør siden...

OECD ventar dempa vekst i Noreg

OECD spår at den økonomiske veksten i Noreg vil falle noko i år og neste år. Bustadmarknaden er framleis det største faremomentet.

OECD la onsdag fram sin årlege rapport om globale økonomiske utsikter. Der blir bustadprisane framheva som ei avgjerande uvisse i Noreg.

Det store spørsmålet, ifølgje OECD, er om prisfallet dei siste månadane har vore nok til å forhindre eit større bustadkrakk.

Alt i alt ventar OECD ein økonomisk vekst på 1,8 prosent i Noreg i år, ned frå 1,9 prosent i fjor. Neste år blir det spådd at veksten vil falle vidare til 1,6 prosent.

Hovudbildet er likevel positivt. Fastlandsøkonomien blir omtalt som robust, og OECD påpeikar at den økonomiske veksten på fastlandet har skote fart. Samtidig kjem fleire i jobb, og arbeidsløysa er venta å fortsette nedover.

Den svekte veksten i 2019 blir forklart med kapasitetsavgrensingar.

OECDs tal for Noreg er noko meir tilbakehaldne enn prognosar EU og Noreg sjølv har lagt fram.

I revidert nasjonalbudsjett vart det spådd ein økonomisk vekst på 1,9 prosent både i år og neste år. EU-kommisjonen ventar på si side ein økonomisk vekst i Noreg på 1,8 prosent i år og 2,0 prosent neste år.

Også i EUs prognosar blir bustadmarknaden framheva som det største faremomentet i Noreg.

(©NPK)

Finansminister Siv Jensen deltar denne veka på OECDs ministermøte i Paris. I samband med møtet la OECD onsdag fram nye prognosar som tyder på dempa økonomiske vekst i Noreg.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix