Annonse

Økokrim slo til mot telekomnettverk

Økokrim har slått til mot eit nettverk med tilknyting til teleselskapet Lycamobile på bakgrunn av mistankar om at sal av telekort var kvitvasking av pengar.

Ein 35-åring er varetektsfengsla i to veker med brev- og besøkskontroll og sikta for grov kvitvasking på bakgrunn av aksjonen, stadfestar politiadvokat Åsne Hana Torgersen i Økokrim til Dagens Næringsliv.

Ho stadfestar også at fengslinga skjedde etter at Økokrim tidlegare denne veka slo til mot fleire adresser i ein koordinert aksjon.

- Eg kan bekrefte at fleire personar er sikta i saka. Vi har vore ute og sikra nokon spor. Etterforskinga er i ein tidleg fase, og eg kan ikkje kommentere noko utover dette, seier ho.

35-åringen blei fengsla av Oslo tingrett torsdag. Av fengslingsskjenning går det fram at retten på bakgrunn av opplysningane frå Økokrim meiner det er sannsynsovervekt for at 35-åringen har «medverka til at utbytte frå straffbare handlingar er overført til utlandet gjennom Lycamobile-systemet».

Forsvararen til 35-åringen, advokat Rasmus Woxholt, seier han ikkje ønskjer å kommentere saka.

Lycamobile produserer førehandstinga simkort som blir selt både via nett og diverse lokale forhandlarar rundt om i verda. Nettverket rundt Lycamobile har ifølgje DN også blitt etterforska i fleire andre land.

(©NPK)

Ein 35-åring er varetektsfengsla av Oslo tingrett, sikta for kvitvasking knytt til teleselskapet Lycamobile. Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Annonse