Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Økonom Sindre Farstad avlyser eldrebølgja og meiner delen sysselsette ikkje fell med friskare eldre. Ein professor er einig og kallar eldrebølgja ein bløff.
Fredrik.Moen.Gabrielsen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 20.08.2018 kl 07:30
Sist oppdatert: 20.08.2018 kl 08:37
Økonom Sindre Farstad viser til at delen sysselsette ikkje fell i framtida dersom det blir færre barn og friskare eldre.
Ideen om eldrebølgja stammar frå prognosar som viser at det i dag er 2,7 sysselsette i sving for å forsørgje kvar pensjonist, mens det berre vil vere 1,6 sysselsett som gjer same jobben i 2060, ifølgje Klassekampen. Det vil kunne gå ut over velferda.
I ein fersk artikkel i tidsskriftet Fagbladet samfunn & økonomi, hevdar derimot rådgjevar Sindre Farstad i Pensjonistforbundet at dette er ei kraftig overdriving. Han legg til grunn at den yrkesaktive alderen vil auke i takt med den forventa auken i levealder. Då vil det ikkje bli færre sysselsette samanlikna med resten av befolkninga framover.
- Det blir ofte skapt eit skremmebilde ved å vise at det vil vere langt fleire eldre i framtida. Men ein må kunne forvente at ein 65-åring i 2060 i gjennomsnitt er sprekare enn ein 65-åring er i dag, påpeikar Farstad.
Han får støtte frå professor Bjarne Jensen ved Høgskolen i Innlandet, som var redaktør for utgåva av fagbladet der artikkelen vart trykt.
Jensen kallar førestillinga om eldrebølgja er ein bløff.
- Eg meiner dette er ein konstruksjon laget for å skremme folk for å godta løysingar som dei elles ikkje ville gått med på, seier han om omgrepet «eldrebølgja».
(©NPK)
Friskare eldre og færre barn vil gjere at delen i arbeid ikkje kjem til å falle dramatisk i framtida likevel, ifølgje forskar. Foto: Jan Haas / NTB scanpix