Klargjør siden...

Olimb-suksess i comebacket

Ken André Olimb er tilbake i tysk ishockey og har bidratt sterkt til at Düsseldorfer EG har fått ein solid start på sesongen.

Sist fredag vart den norske landslagsprofilen matchvinnar då laget hans serieopna med 2-1-siger over Adler Mannheim etter forlenging.

Søndag var Iserlohn motstandar i kamp nummer to, og igjen fekk Olimb notert målpoeng på vegen mot det som vart ein enkel 5-1-siger. 29-åringen slo den nest siste pasninga då lagkamerat John Henrion sende Düsseldorfer EG opp i 2-0-leiing tidleg i andre periode. Scoringa kom i overtal.

Med fem poeng på to kampar har Düsseldorfer berre EHC München framfor seg på tabellen så langt. I neste serierunde ventar Schwenninger. Den kampen går kommande fredag.

Ken André Olimb har dei siste to sesongane spelt i svenske Linköping saman med broren Mathis. Men dei norske brørne var ikkje med i planane til SHL-klubben for årets sesong. Dermed gjekk turen tilbake til Düsseldorfer for Ken André, mens Mathis enda i Skellefteå.

Kontrakten med Düsseldorfer EG gjeld ut 2020/21-sesongen. Den norske hockeyprofilen spelte også for den tyske storklubben frå 2013 til 2016.

Ken André Olimb vart etter førre sesong tildelt Gullpucken som Noregs beste ishockeyspelar.

(©NPK)

Ken André Olimb har fått ein god start i den tyske hockeyligaen. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Annonse