Annonse

Oljefest på Oslo Børs

Dagen etter at oljeprisen nådde 80 dollar fatet, gjorde oljeaksjane sitt til å løfte Oslo Børs. Hovudindeksen enda på 891,68 poeng, ein oppgang på 0,88 prosent.

Equinor-aksjen var den mest omsette denne fredagen og hadde ein framgang på 1,56 prosent. Nest mest omsett var ein annan oljeaksje, nemleg Aker BP, som enda dagen med ein oppgang på 4,86 prosent.

Den største raketten var Seadrill, som skaut i vêret og hadde ein kursvekst på 48,88 prosent. Dermed følgde aksjen børsutviklinga i USA etter at Oslo Børs stengde onsdag. Aksjen låg før opninga over 50 prosent høgare enn da den norske børsen stengde, skriv Hegnar.

Eitt av selskapa som gjekk mest tilbake gjennom dagen, var Norwegian. Fallet kom etter signala frå selskapet IAG om at dei ikkje nødvendigvis treng å kjøpe det norske flyselskapet.

- Dette er ikkje ein avtale eg er nøydd til å gjennomføre. Vi har uttrykt ei interesse. Om dei ikkje ønskjer å bli kjøpte av IAG, så er det greitt. Eg er ikkje interessert i å gjere noko fiendtleg, det er ikkje min stil, sa IAG-direktør Willie Walsh til Reuters fredag.

Den tunge børsdagen for Norwegian enda med ein tilbakegang på 7,43 prosent.

Rundt stengjetid vart eit fat nordsjøolje omsett for rundt 79,3 dollar, noko som betyr ein svak tilbakegang det siste døgnet.

Ute i Europa var stemninga meir negativ. Dax 30-indeksen i Frankfurt gjekk tilbake med 0,29 prosent, FTSE 100 i London gjekk tilbake med 0,27 prosent, mens CAC 40 i Paris hadde ei negativ kursendring på 0,14 prosent.

(©NPK)

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Annonse