Klargjør siden...
Annonse

Opptøyar på Korsika etter at nasjonalistleiar vart angripen i fengsel

Etter at ein korsikansk nasjonalistleiar vart angripen i fengsel, aukar sinnet på øya. Natt til torsdag var det samanstøytar mellom demonstrantar og politi.

Yvan Colonna ligg i koma etter at ein terrordømd medfange banka han opp 2. mars. Colonna sonar ein livstidsdom for drapet på lokalpolitikaren Claude Erignac i 1998.

Enkelte korsikanarar ser framleis på Colonna som ein helt i kampen for frigjering frå Frankrike. I byane Ajaccio, Calvi og Bastia har fleire hundre delteke i protestar som utarta til samanstøytar med tryggingspersonell, seier korrespondentar for nyheitsbyrået AFP.

I Ajaccio braut demonstrantar seg inn i tinghuset og tende på papiravfall, før dei tok seg vidare til ein bank, som vart rasert. Lokale styresmakter seier 14 personar, blant dei ein TV-journalist, vart skadd i byen.

Colonna har sete fengsla i Sør-Frankrike, og styresmaktene har i lang tid avvist kravet hans om å bli overført til Korsika. Dei seier brotsverket hans gir han spesialstatus.

I eit forsøk på å dempe spenninga oppheva statsminister Jean Castex denne statusen tysdag, men for mange av tilhengjarane til den dømde nasjonalisten er dette tiltaket for lite og kom for seint.

Mannen som har innrømt å ha angripe Colonna, er sikta for drapsforsøk. Han skal ha vorte sint på grunn av «blasfemiske utsegner» Colonna skal ha komme med i fengselet.

(©NPK)

Annonse
Annonse