Ordførarar fekk ingen konkrete løfte under rovdyrmøte med statsministeren

Statsminister Erna Solberg (H) er lydhøyr for problema rovdyra fører med seg, men hadde ingen konkrete løfte til ordførarane ho møtte onsdag.

Statsminister Erna Solberg (H) er lydhøyr for problema rovdyra fører med seg, men hadde ingen konkrete løfte til ordførarane ho møtte onsdag.

- Vi meiner vi følgjer opp rovviltforliket. Men vi kan sikkert forvalte forliket på ein meir effektiv måte, sa statsministeren etter møtet. Ho viser blant anna til at det kan vere tilfelle der skadedyr kanskje skulle vore tatt ut raskare.

Ni ordførarar og representantar for Utmarkskommunenes Sammenslutning møtte Solberg og klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V), i tillegg til den ferske mat- og landbruksministeren Bård Hoksrud (Frp) torsdag.

Møtet er eit resultat av at 150 ordførarar har sendt brev til regjeringa med krav om at rovviltforliket i Stortinget må følgjast opp. Dei meiner forvaltninga tar for mykje omsyn til rovdyr som ulv og bjørn, og at det går ut over beitenæringar og andre næringar i områda som blir råka.

Vil styrke SNO

Det mest konkrete tiltaket ho og klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) antyda, var ei styrking av Statens naturoppsyn (SNO) i budsjettet for neste år.

- Det handlar om å vere til stades på fleire stader. Dei er ikkje mange nok folk, forklarer Elvestuen.

Blant spørsmåla som blei tatt opp på møtet, er om det skal gjerast endringar i sonene for rovdyrprioriterte område og kvar det skal vere beite.

- Det er viktig å seie at vi skal klare den balanserte forvaltninga som byggjer på at vi skal ha utmarksnæring, men også rovdyr, seier Solberg.

Ordførar Kari Anita Furunes (Sp) frå Meråker syns ho møtte ein statsministeren og statsrådar som ville lytte til dei.

Ikkje konkrete tiltak

- Konkrete tiltak over bordet har vi ikkje fått, det kan vi heller ikkje forvente. Men vi har starten på ein dialog. Og statsministeren avsluttar møtet med å seie at ho ønskjer vidare dialog i samråd med kommunane, særleg om det vi meiner er brot på rovviltforliket, seier ho til NTB.

Ho meiner det ikkje er noko gale med sjølve forliket, men at forvaltninga ikkje følgjer opp.

- Regjeringa må ta grep, med statsministeren i tet, for å setje ut i livet det Stortinget har vedteke, seier Furunes.

- Slagside

Utmarkskommunenes Sammenslutning gjer det klart at dei set pris på at statsministeren også tar grep om saka og ønskjer at ikkje berre Miljødepartementet skal ha ansvar for oppfølginga av rovviltforliket.

- Sånn har det ikkje vore til i dag, og derfor har det blitt ei slagside i forvaltninga, seier Stein Erik Stinessen, som representerer USS. Han gjer det klart at miljøministeren ikkje kan få styre dette aleine, men at også Landbruksdepartementet må ha ei rolle.

(©NPK)

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) (t.v.) må ikkje få styre rovviltforliket aleine, meiner Utmarkskommunenes Sammenslutning. Saman med statsminister Erna Solberg (H) og landbruksminister Bård Hoksrud (Frp) møtte han onsdag ordførarar som krev ei betre rovviltforvaltning.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Annonse