Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Orkla Foods Noreg har bestemt seg for å gå over til berre å bruke egg frå frittgåande høner i sine produkt innan 1. januar 2020.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 04.09.2018 kl 09:39
Orkla Foods Noreg føyer seg dermed inn i rekkja av både daglegvarekjeder og matvareprodusentar som har kutta buregg dei siste åra.
Avgjerda om å gå over til burfrie egg har Orkla tatt i nært samarbeid med Nortura, som også er hovudleverandøren av egg til selskapet i dag, skriv Nationen tysdag.
Nortura har som mål å legge om til nærmare 100 prosent burfri produksjon innan 2024, og deira produsentar vil i perioden før dette trinnvis legge om frå miljøbur til frittgåande produksjon.
- Å gå over til å bruke egg frå frittgåande høner er eit steg på vegen til å bli eit meir berekraftig selskap, der det å sikre god dyrevelferd er ein del av dette arbeidet, seier administrerande direktør Paul Jordahl i Orkla Foods Noreg.
(©NPK)
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.