Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Hovudindeksen på Oslo Børs klarte så vidt å halde seg i pluss fredag og enda med ein oppgang på 0,12 prosent til 906,89 poeng.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 14.09.2018 kl 17:40
Børsveka under eitt, som til ein viss grad har vore prega av svingingar i oljeprisen, enda 1,6 prosent på den positive sida for hovudindeksen. Indeksen starta fredagen med eit solid byks opp, men fall gjennom dagen og enda så vidt over 0-streken.
Blant aksjane som bidrog til å halde børsen tilbake, var Equinor, som gjekk 0,1 prosent tilbake. Equinor var det meste omsette selskapet fredag, etterfølgt av Norsk Hydro (+1,1 prosent) og Marine Harvest (+1,3).
Vinnaren torsdag - Thin Film Electronics, som steig med nesten 40 prosent på positive nyheiter knytte til den nye iPhonen frå Apple - gjorde det bra fredagen òg, om enn i meir beskjeden grad. Aksjen la på seg ytterlegare 2,7 prosent.
Borr Drilling vart taparen fredag med eit kursfall på 2,7 prosent, etterfølgt av Schibsteds B- og A-aksjar, som fall 2,5 og 2,4 prosent.
Nordsjøolja gjekk for snautt 80 dollar fatet på spotmarknaden etter gjennom dagen å ha falle 0,7 prosent. Amerikansk lettolje vart omsett for vel 68 dollar og 50 cent.
Dei tonegivande indeksane i Europa landa trygt på plussida. Dax 30 i Frankfurt enda med ein oppgang på 0,7 prosent, mens FTSE 100 i London og CAC 40 i Paris steig med høvesvis 0,3 og 0,6 prosent.
(©NPK)
Illustrasjonsfoto: Axel Nilsson Raftsjø / NTB scanpix