Oslo Børs held fram oppgangen

Hovudindeksen på Oslo Børs steig med 0,9 prosent til 942,89 poeng torsdag. Panteselskapet Tomra og Bank Norwegian hadde ein god dag.

Tomra-aksjen auka med 18,3 prosent. Norwegian Finans Holding, som eig Bank Norwegian, hadde òg ein kraftig opptur på heile 17,82 prosent.

Hydrogenselskapet NEL var den mest omsette aksjen. Selskapet har hatt ein kraftig kursoppgang det siste året, men fekk eit brått fall torsdag ettermiddag, og enda 0,1 prosent over kursen på onsdag.

Equinor-aksjen la elles på seg 0,4 prosent, DNB 0,5 prosent og Aker BP 0,2 prosent i handelen på torsdag på Oslo Børs.

Sjømatselskapa opplevde samtidig ein nedgang. Indeksen med dei største oppdrettsselskapa sokk med 0,7 prosent, og kjempa Mowi (-0,6) var òg blant dei mest omsette torsdag. Shippingindeksen krympa elles med 0,3 prosent, medan energiindeksen gjekk opp med 0,7 prosent.

Nordsjøolje vart omsett for 59,64 dollar fatet ved 17.30-tida torsdag.

På dei europeiske børsane var det små utslag torsdag. I London låg FTSE 100-indeksen på same nivå ved 17-tida som då handelen opna. Både DAX i Frankfurt og franske CAC 40 var ned 0,2 prosent.

Då New York-børsen opna torsdag fall både Dow Jones-indeksen (-0,2 prosent) og S & P 500 (-0,1 prosent). Også Nasdaq sokk (-0,2 prosent).

(©NPK)

Panteselskapet Tomra har gode dagar på børsen. Torsdag steig aksjen med 18,3 prosent. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Annonse
Annonse