Klargjør siden...

Oslo og Bergen set varmerekordar - men Etne i Hordaland leier varmeduellen

Oslo og Bergen slår dei gamle varmerekordane sine for mai månad med høvesvis 31,1 og 31,2 grader, men Etne i Hordaland leier varmeduellen med heile 32,4 grader.

Det blir Etne kommune i Hordaland som ser ut til å vinne varmeduellen. Onsdag ettermiddag melde NRK at det var registrert heile 32,4 grader på målestasjonen i kommunen.

Dermed er den høgste temperaturen som nokon gong er målt i Noreg i mai månad, eit faktum.

Sigdal kommune i Buskerud hadde den gamle mairekorden med 31,8 grader.

Bergen

Heile Hordaland opplevde onsdag svært høge temperaturar, og Bergen slo sin egen varmerekord fleire gonger.

Først melde Meteorologisk institutt på Twitter at det var registrert ny varmerekord for mai i Bergen med 30,5 grader. Men ved 15-tida kom det ein ny oppdatering med endå ein rekord frå Florida, målestasjonen i Bergen sentrum.

- Florida har vore oppe i 31,2 grader, så vi ventar i spenning, lydde oppdateringa frå meteorologane på Twitter.

Med 31,2 grader står det berre att 0,6 grader for å tangere den varmaste temperaturen nokon gong registrert i Bergen. I juli 2003 blei det registrert 31,8 grader.

Oslo

På førehand var det varsla at onsdag ville bli ein svært varm dag over heile Sør-Noreg. Meteorologane knytte spenning til om det skulle bli Oslo eller Bergen som først braut 30-gradersmålet.

Og sjølv om det var Bergen som først gjekk over streken, fekk også Oslo ny varmerekord. Mairekorden i Oslo var frå før 29,8 grader.

Ved 17-tida blei den slått da gradestokken nådde 31,1 grader. Altså berre 0,1 grad bak Bergen.

Årsaka til varmerekordane er ein høgtrykksrygg som har bygd opp ein del varme. Dei høge temperaturane er forventa å vare ei stund framover.

(©NPK)

Aldri før har det vore så varmt i hovudstaden i mai. Rekordvarmen i Oslo gjorde sitt til at sjøbadet på Sørenga var godt besøkt onsdag ettermiddag. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Annonse
Annonse
Annonse