Klargjør siden...

Oslo på topp i rangering om reine og sikre byar

Oslo ligg saman med København og Amsterdam øvst på ei Greenpeace-rangering av transportsystema i europeiske hovudstadar. Nedst er Roma.

- Sikre vegar og rein luft går hand i hand. Studien viser at når du oppgraderer offentlege kommunikasjonar på ein berekraftig måte, får folk også reinare luft og sikrare vegar, seier Barbara Stoll i Greenpeace.

Rapporten som Greenpeace har laga saman med Wuppertal-instituttet, rangerer 13 europeiske hovudstadar på faktorar frå luftkvalitet til kor mykje offentleg transport kostar og bruken av bildelingssystem.

Verst av dei 13 er bil- og scootergale Roma, der 65 prosent av all transport går føre seg med private motorkøyretøy. Hovudårsaka til det er billig parkering og dårleg offentleg transport.

Roma er også verst når det gjeld trafikktryggleik. For kvar 10.000 sykkeltur er det 110 ulykker, og for kvar 10.000 fotgjengartur er det 133 ulykker i byen

Roma var også klart verst når det gjaldt luftforureining, men det står ikkje særleg bra til i Budapest, Paris eller Moskva heller.

Dei tre beste byane, Oslo, København og Amsterdam, får ros for utbreidd bruk av offentleg transport, klart markerte og sikre sykkelstiar og fortau og reinare luft enn gjennomsnittet.

Oslo fekk toppkarakter for å ha stengt sentrum for privatbilar, mens København kom på topp for nye tenester som bildeling og appar for å finne fram i transportsystemet. Zürich har billigast offentleg transport.

Rapporten skriv at om Roma ønsker å betre stillinga si, må det gjerast meir for å skilje syklar og scooterar, og bruk av bilar i sentrum må gjerast dyrare.

(©NPK)

Miljøbyråd i Oslo Lan Marie Nguyen Berg (MDG) har stått i bresjen for å redusere biltrafikken og legge til rette for sykling i hovudstaden. Dette bildet er tatt i samband med ein presentasjon av satsing på meir miljøvennlege bussar. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix