Klargjør siden...

Østberg vrakar Madshus

Langrennsløparen Ingvild Flugstad Østberg (27) vrakar sin lokale skiprodusent.

Langrennsløparen Ingvild Flugstad Østberg (27) vrakar sin lokale skiprodusent.

Biri-firmaet Madshus fortvilar.

- Madshus har målsetting om å vere store på racing. Vi skal kjempe med dei sterke konkurrentane våre som er fem til ti gonger større. Vi har lagt mykje ressursar i å vere ein av dei store.

- Då er det er litt frustrerande, i den prosessen vi er inne i no, å miste Ingvild. At ein lokal løpar av hennar kaliber blir borte er sjølvsagt vanvitig kjedeleg for oss. Inne på huset er det mange som er lei seg, men vi føler at vi har gjort ein bra jobb med Ingvild, seier marknadssjef Per Wiik i Madshus til Oppland Arbeiderblad.

Heidi Weng kan også gleppe for skiprodusenten. Ho er i tenkjeboksen og testar fire leverandørar.

Slik svarar Madshus-toppen på korleis store stjerner påverkar skisalet:

- Klart det påverkar. Løparane er vårt ansikt overfor omverda. Vi må ha bra folk for å vise fram produkta våre. Det er åtte-ti slike store løparar. Thomas Alsgaard, Bjørn Dæhlie, Ole Einar Bjørndalen, Martin Fourcade, Petter Northug og Johannes Høsflot Klæbo er nokre av dei. Vi manglar kanskje ei slik stjerne i dag, men vi jobbar hardt for å få fram slike typar, seier Wiik.

Slik forklarar Østberg valet om å gå til konkurrenten Fischer:

- Det var ei blanding av magefølelse og konkrete testar. No er valet tatt, og då går eg «all in» for det, seier Gjøvik-jenta.

(©NPK)

Ingvild Flugstad Østberg vrakar Madshus før VM-sesongen. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Annonse