Over 200 migrantar drukna i Middelhavet på to dagar

Rundt 220 migrantar skal ha drukna utanfor Libyas kyst på to dagar. Dermed har minst 1.000 menneske drukna i Middelhavet så langt i år.

FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) seier dei er sjokkerte over talet på drukningar og ber om at det blir sett inn tiltak for å hindre fleire tap av liv.

- UNHCR er fortvila over det aukande talet på flyktningar og migrantar som misser livet på havet og ber om umiddelbare internasjonale tiltak for å styrkje innsatsen blant aktørar som hjelper til i redningsoperasjonar i Middelhavet.

Ifølgje organisasjonen drukna til saman rundt 220 migrantar tysdag og onsdag.

Ein trebåt forliste tysdag utanfor kysten av Libya. Det er antatt at rundt hundre menneske var om bord. Berre fem vart funne i live og redda av den libyske kystvakta. Same dag sokk ein gummibåt som hadde rundt 130 menneske om bord. 60 vart redda av lokale fiskarar, som frakta dei tilbake til land.

Dagen etter skal 50 menneske ha forsvunne på havet etter eit tredje forlis, ifølgje overlevande.

Talet på migrantar og flyktningar som har tatt seg til Europa via Middelhavet, er så langt i år halvert samanlikna med same periode i fjor, ifølgje FNs organisasjon for migrasjon (IOM).

Frå januar til midten av juni i år kom om lag 40.000 menneske sjøvegen til Europa, mot over 80.000 i same periode i fjor, ifølgje IOM. På same tid i fjor var det registrert om lag 2.000 drukningar.

(©NPK)

Libyas kystvakt seier dei redda rundt 80 afrikanske migrantar etter at gummibåten dei sat i forliste onsdag. 50 skal ha drukna. Foto: Libyan Coast Guard / AP / NTB scanpix

Annonse