Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
431 palestinarar på Gazastripa vart såra, 98 av dei etter å ha blitt treft av skot frå israelske soldatar stasjonert på grensa fredag.
uvakt@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 04.05.2018 kl 17:07
Sist oppdatert: 04.05.2018 kl 19:48
Tusenvis av uvæpna palestinarar samla seg for sjette fredag på rad nær grensegjerdet for å demonstrere mot israelsk okkupasjon.
Røyken frå brennande bildekk hang tungt over teltleiren som vart sett opp for fleire veker sidan, for å gjere det vanskelegare for dei israelske soldatane langs grensa å sjå og sikte mot demonstrantane.
Fleire av demonstrantane prøvde også å sende brennande drakar over grensa, for å setje fyr på tørre åkrar på israelsk side, men dei lykkast ikkje med dette.
Palestinske helsearbeidarar opplyser at 431 demonstrantar vart behandla for skadar fredag, 98 av dei etter å ha blitt trefte av skarpe skot og gummikledde stålkuler, dei andre etter å ha pusta inn tåregass.
49 palestinarar er skotne og drepne av israelske skarpskyttarar sidan protestane begynte 30. mars, dei fleste av dei frå fleire hundre meters hald.
Rundt 2.000 palestinarar er ifølgje helsestyresmaktene på Gazastripa såra under demonstrasjonane.
Israel har hausta sterkt internasjonal kritikk for å skyte med skarpt mot uvæpna demonstrantar, og to pressefotografar og fleire barn er også blant dei drepne.
Både FN, EU og menneskerettsorganisasjonar har kravd uavhengig gransking, noko israelske styresmakter har avvist.
Israels forsvarsminister Avigdor Lieberman har i staden tatt til orde for å gi soldatane medalje, og statsminister Benjamin Netanyahu har også rost dei offentleg.
Gazastripa er på storleik med Hamar kommune og heimen til om lag 2 millionar palestinarar. 1,3 million av dei er registrerte som flyktningar eller etterkommarar av palestinarar som vart drivne på flukt då staten Israel vart oppretta i 1948.
Området vart okkupert av Israel under Seksdagarskrigen i 1967, men i 2005 trekte israelske busetjarar og soldatar som vakta dei, seg ut av enklaven.
Israel kontrollerer derimot luftrommet og kysten utanfor Gazastripa, i tillegg til grensa med unntak av Rafah-overgangen til Egypt. FN ser derfor framleis på området som okkupert.
(©NPK)
To kvinner ber eit palestinsk flagg på Gazastripa, nær grensa mot Israel, der tusenvis for sjette fredag på rad demonstrerte mot israelsk okkupasjon. Foto: AP / NTB scanpix
Palestinske steinkastarar på Gazastripa vart møtt med skarpe skot frå israelske soldatar fredag. Over 430 vart såra. Foto: AP / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.