Overgrepssikta prest får forlengt varetekt
Ein sokneprest på Austlandet, sikta for seksuell omgang med barn, blir varetektsfengsla i fire nye veker.
Soknepresten vart arrestert av politiet i august, og har sete i varetekt sidan, skriv Vårt Land.
– Saka har høg prioritet og etterforskinga går framleis føre seg. Det blir mest sannsynleg teken ut tiltale, seier politiadvokat Marin Gautestad Jakobsen til avisa.
Mannen vart fråteke retten til å vere prest i november. Det er fire fornærma i saka.
Presten har tidlegare erkjent overgrepa.
(©NPK)