Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Fedme og overvekt aukar globalt, også i Noreg, og viser seg å vere ei større årsak til kreft enn ein tidlegare har trudd, viser ein ny internasjonal rapport.
trine.andersen@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 29.05.2018 kl 14:05
Torsdag blei det tredje samandraget av internasjonal forsking på kosthald, ernæring, fysisk aktivitet og kreft lagt fram i London av World Cancer Research Fund (WCRF). Det er ti år sidan sist og den største nyheita i rapporten er at heile tolv ulike kreftformer no er knytt til overvekt, fem fleire enn førre gong.
- Det er urovekkjande, særleg ettersom vi lever i ei verd der overvekt mange stader er eit aukande problem, seier forskar Paula Berstad i Kreftregisteret til NTB.
Ein av tre i Noreg får kreft, ifølgje Inger Thune ved Kreftsenteret ved Oslo universitetssjukehus, som har sete i den internasjonale gruppa som har arbeidd med rapporten.
- Rapporten er basert på studiar som inkluderer 17 kreftformer. 51 millionar menneske har vore involvert i studiane, og 3,5 millionar av dei har fått ein kreftdiagnose, seier Thune til Dagens Medisin.
Eitt av poenga som er med i rapporten, er at når det gjeld kosthald og ernæring, er det heilskap og livsløp som har betydning, ikkje ein enkeltingrediens eller kort periode.
- Forskinga viser at det er usannsynleg at spesiell mat eller næringsstoff er viktige enkeltfaktorar når det gjeld å beskytte mot eller forårsake kreft. Men ulike typar diettar og fysisk aktivitet gjennom livet kan gjere deg meir eller mindre mottakeleg for kreft, seier doktor Giota Mitrou i WCRF i ei pressemelding.
Paula Berstad i Kreftregisteret har sjølv gjennomført ein studie som viste at positive, varige kosthaldsendringar påverkar risikoen for enkelte krefttypar. På 1970-talet fekk norske menn i 40-åra effektive kosthaldsråd for å ikkje døy av hjarte- og karsjukdom. Livsstilsendringane viser seg å ha påverka kreftrisiko også.
- Det absolutt mest effektive tiltaket mot kreft, i Noreg og i andre land, er å førebyggje og overvinne overvekt. Det er så enkelt og så utfordrande på ein gong. I Noreg kan ein seie at det ikkje er så komplisert, fordi dei fleste har tilgang til og råd til eit sunt kosthald og reint drikkevatn i springen. Men i fleire delar av verda er det ikkje like lett å gjere det sunne alternativet tilgjengeleg, seier Berstad.
På bakgrunn av rapporten har WCRF laga ti anbefalingar for å minimere kreftrisiko. Den første er å halde ei sunn kroppsvekt, den andre er å vere fysisk aktiv.
Kreftforeningen oppfordrar i ei pressemelding norske helsestyresmakter til å bruke den ferske rapporten som grunnlag for å ta aktive grep for å overvinne problemet, blant anna ved å beskytte barn mot marknadsføring av usunne matvarer.
Deretter er rådet å ete mykje frukt, grønt, fullkorn og fiber, mens behandla raudt kjøtt, alkohol og kosttilskot bør reduserast.
(©NPK)
Hovudanbefalinga for å minimerer kreftrisiko globalt er å halde kroppsvekta på eit sunt nivå. Å unngå sukkerhaldig drikke og usunn ferdigmat er nokre av dei mest sentrale råda. Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB scanpix