Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Pave Frans er den første paven som offentleg fordømmer sexovergrepa som pedofile prestar har gjort seg skuldig i.
annika.bohnenblust@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 01.06.2018 kl 07:52
«Aldri igjen», skriv Frans i eit brev der han seier han skammar seg over at verken han eller kyrkjeleiarane i Chile nokosinne lytta til offera då sexskandalen i det søramerikanske landet utvikla seg.
Paven skal kommande helg igjen snakke med nokre av offera for dei mest notoriske av dei pedofile chilenske prestane.
I sitt åtte sider lange brev til chilenske truande takkar han offera for deira tapperheit og tolmod i jakta på sanninga, sjølv om det kunne virke håplaust på grunn av kyrkjas forsøk på å diskreditere dei.
Ingen annan pave har tidlegare uttalt seg offentleg om seksuelle overgrep frå prestar eller forsøka frå kyrkjeleiinga på å dekke over overgrepa.
(©NPK)
Pave Frans seier han skammar seg over at verken han eller andre katolske leiarar lytta til offera for pedofile prestar. Foto: Gregorio Borgia / AP / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.