Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Pels blir ikkje å sjå på catwalken under London Fashion Week, som opnar neste torsdag, viser ein rundspørjing blant leiande moteskaparar.
uvakt@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 07.09.2018 kl 17:14
British Fashion Council (BFC), som har gjennomført rundspørjinga, meiner haldningsendringa til pels blant moteskaparane speglar «kulturelle endringar».
Under London Fashion Week i februar demonstrerte dyrevernarar og pelsmotstandarar mot moteskaparane og skulda dei for å ha «blod på hendene».
Torsdag kunngjorde det britiske luksusmerket Burberry at dei ikkje lenger vil bruke ekte pels i produkta sine.
- Moderne luksus betyr å vere sosialt og miljømessig ansvarleg, sa Burberry-sjef Marco Gobbetti.
Aktivistane i People for the Ethical Treatment of Animals (PETA) gler seg over haldningsendringane i motebransjen.
- Godt gjort av moteskaparane på London Fashion Week, som kvittar seg med pels denne sesongen, tvitra dei fredag.
(©NPK)
Det blir ikkje pels å sjå under London Fashion Week, som opnar neste torsdag. Foto: Nina Eirin Rangøy / NTB scanpix