Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Per Madsen (71) frå NMK Drammen held fram som president i bilsportsforbundet etter årsmøtet tysdag.
ole.henrik.tveten@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 09.05.2018 kl 09:46
Madsen tok over etter Frode Alhaug i 2017. Madsen representerer NMK Drammen, og det var første gong Norsk Motor Klubb (NMK) fekk presidenten i bilsportsforbundet.
Heile det sitjande styret vart attvalt på årsmøtet tysdag.
Arve Herstrøm frå Vestfossen og NMK Drammen vart dessutan tildelt Norges Bilsportforbunds fortenestmedalje i gull under årsmøtet. 72-åringen starta som aktiv utøvar med rallydebut i 1964, før han har hatt fleire leiarposisjonar i eigen klubb og i bilsportsforbundet.
(©NPK)
Per Madsen (til høgre) er attvalt som president i bilsportsforbundet. Her saman med politikar Bård Hoksrud ved eit tidlegare høve. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.