Per Sandberg diskuterte snøkrabbe med russisk kollega
Fiskeriministeren kjenner seg trygg på at Russland vil støtte Noreg i krabbekrigen med EU.
Ei rekke vanskelege fiskerispørsmål kom på bordet under møtet tysdag mellom fiskeriminister Per Sandberg (Frp) og Ilja Sjestakov, som er visejordbruksminister og fiskerisjef i Russland.
Dei to diskuterte blant anna snøkrabbekonflikten mellom Norge og EU, norsk selfangst i russisk sone og dei vedvarande fiskerikonfliktane med Færøyane.
Men tonen mellom dei to var hjarteleg, trass i både alvorleg tematikk og det anstrengde forholdet mellom Russland og Vesten.
- Vi har ein fantastisk god dialog. Forutan sanksjonsdelen. Og Sjestakov er ein fantastisk bra mann også, så det går an å spøke litt med det, seier Sandberg til NTB.
Han seier han fekk stadfesta at Noreg og Russland framleis står saman i snøkrabbesaka.
- For oss var det viktig å ta opp dette, slik at vi kan vere sikre på at vi står skulder ved skulder, seier Sandberg.
Bakteppet for konflikten er at Noreg nektar fartøy frå EU-land å fange snøkrabbe i fiskevernsona utanfor Svalbard. EU meiner Svalbardtraktaten gir dei rett til å fange like mykje snøkrabbe som norske fiskarar i desse sjøområda.
Forhandlingane har stått fast sidan i fjor, og Sandberg ser ingen umiddelbare teikn til gjennombrot.
(©NPK)
Fiskeriminister Per Sandberg saman med visejordbruksminister og fiskerisjef frå Russland, Ilja Sjestakov, under besøket til den store sjømatmessa Seafood Expo i Brussel. Foto: Johan Falnes / NTB scanpix