Klargjør siden...

Planlagt sjukehusbehandling har falle mellom 22 og 36 prosent

Ein av tre polikliniske konsultasjonar vart droppa, medan planlagt behandling på sjukehusa har falle med mellom 22 og 36 prosent, opplyser Helsedirektoratet.

Det var venta at oppbygginga av kapasiteten for å handtere eit aukande tal covid-19-pasientar ville medføre at planlagt behandling måtte blir sett på vent, sa helsedirektør Bjørn Guldvog då han torsdag la fram tala på den daglege koronapressekonferansen.

– Omfanget av nedgangen varierer med type aktivitet og varierer litt mellom føretaka, sa Guldvog, som mellom anna viser til at tusenvis av sjukehustilsette har vore i karantene.

Også innan umiddelbar hjelp har det vore ein nedgang på mellom 12 og 18 prosent.

Polikliniske konsultasjonar har falle med 31 prosent. Innanfor rusbehandling og psykisk helsevern har nedgangen vore litt mindre med eit fall på 16 prosent. Dagbehandlingar innanfor psykiatrien har likevel falle med heile 41 prosent, ifølgje helsedirektøren.

Derimot har talet på døgnopphald for rusbehandling auka i perioden.

Helseminister Bent Høie (H) har bede sjukehusa om å trappe opp planlagt behandling.

– Vi har gitt eit oppdrag om at ein skal tilbake til meir normal aktivitet, sa Høie, med trykk på «meir».

– Men eg understrekar at oppdraget ikkje er at ein skal tilbake til normal aktivitet. Det er viktig å framleis halde høg beredskap, sa Høie.

(©NPK)

Helsedirektør Bjørn Guldvog la torsdag fram tala for korleis koronakrisa har ramma planlagt behandling ved sjukehusa. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Annonse
Annonse
Annonse