Pochettino om Real Madrid-jobben: - Eg er nøgd kor eg er

Mauricio Pochettino, som er linka til trenarjobben i Real Madrid, seier han er nøgd med å vere manager for Tottenham. 

- Eg er nøgd kor eg er, svarte Tottenham-manager Mauricio Pochettino på spørsmål om den ledige jobben som Real Madrid-trenar, skriv ESPN.

Nyheita om at Zinédine Zidane trekker seg som Real Madrid-trenar slo torsdag ned som lyn frå klar himmel, og fleire held Tottenham-manageren som den heitaste kandidaten til å få jobben.

- Eg er bunden til Tottenham og har lenge igjen av kontrakten som eg nyleg har signert. Eg er nøgd no, så får vi sjå kva som skjer i framtida sa argentinaren.

Pochettino er saman med Antonio Conte og Joachim Löw trekt fram som dei sterkaste kandidatane til Real Madrid-jobben.

Sistnemnde, som no er tysk landslagssjef stadfesta fredag at han ikkje er interessert.

- Eg kan sjå bort frå det heilt, sa Löw til pressa fredag etter at det tyske landslaget hadde gjort unna ein av sine økter før VM.

Löw har leidd det tyske landslaget sidan 2006 og har nyleg forlengt kontrakten si til 2022.

- Eg er sikker på at dei vil finne ein god erstattar for Zidane, sa Löw.

(©NPK)

Tottenham-manager Mauricio Pochettino seier han er nøgd i Tottenham. Foto: AP Photo/Alastair Grant/NTB scanpix.

Joachim Löw seier han ikkje er interessert i å ta over Real Madrid. Foto: AP Photo/Martin Meissner/NTB scanpix.

Annonse