Annonse

Pogba på pilegrimsreise før VM

Manchester Uniteds franske midtbanestjerne Paul Pogba ladar opp til VM med pilegrimsreise til Mekka.

Pogba har lagt ut ein video av seg sjølv framfor Kaaba, islams sentrale heilagdom i Mekka i Saudi-Arabia.

- Berre dei som kjem hit vil forstå kjensla, seier 25-åringen på sin Instagram-video frå Mekka.

- Det er ein vakkert stad. Vakkert, vakkert, vakkert. Og kjensla ... Eg kan ikkje beskrive den, seier Pogba, som også under ramadan i fjor gjennomførte ei liknande reise.

Denne gongen brukar han reisa som opplading før verdsmeisterskapen i Russland som blir sparka i gang 14. juni.

25-åringen, som er ein av dei sentrale spelarane på det franske laget, sa nyleg til BBC at det franske laget må reise til VM med rett innstilling, noko han meiner tel meir enn tekniske kvalitetar.

Frankrike, som vann VM i 1998 og var i finalen i 2006, er i gruppe med Danmark, Peru og Australia. Første kamp for «Le Bleus» går 16. juni mot Australia i Kazan.

(©NPK)

Manchester Uniteds Paul Pogba ladar opp til VM med pilegrimsreise til Mekka. Foto: Rui Vieira / AP / NTB scanpix

Annonse