Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Nærmare to veker etter at det starta å brenne på øya Ombo i Rogaland, er årsaka framleis ukjent. No avhøyrer politiet vitne til brannen.
Magnus.Braaten@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 08.06.2018 kl 07:38
Det er spesielt dei som har tidlege observasjonar av brannen, som er interessante for politiet, seier lensmann Bjørn Iden ved Ryfylkeøyane lensmannskontor til Stavanger Aftenblad.
- Førebels veit vi ikkje kva som har skjedd. Det kan vere ein sigarettstump. Det kan vere glas, seier Iden, som avkreftar at det er observert grilling i området då brannen braut ut.
Politiet fekk melding om brannen klokka 10.05 søndag 27. mai og ettersløkkinga går framleis føre seg. Ifølgje Iden vil det vere brannvakt på Ombo ei god stund framover.
Krimteknikarar har førebels ikkje vore inne i området der politiet meiner brannen starta.
- Vi har ein god indikasjon på kvar den starta, men dette er eit stort område, så det kan bli utfordrande å finne årestaden, seier lensmannen.
(©NPK)
Brannen på Ombo i Ryfylke, eit område nordaust i Rogaland, starta førre søndag. Foto: Stian Seland / NTB scanpix