Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Heimelaga handvåpen dukkar stadig opp i kriminalsaker over heile landet. Dei er like originale våpen, og politiet ønsker strengare regulering av marknaden.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 25.05.2018 kl 07:49
- Dei er veldig like originale våpen. Med det blotte auge kan ein nesten ikkje sjå forskjell. Dei er enkle å skaffe, og dei er lette å gjere om på. Det er svært urovekkjande, seier politioverbetjent Gøran Dyvesveen til NRK.
Han jobbar ved kriminalteknisk avdeling hos Kripos i Oslo, som er det einaste våpenlaboratoriet i Noreg.
- Dette er våpen som opphavleg er laga berre for å gi eit lydsignal. Det blir meir og meir vanleg at desse blir bygde om, så ein kan fyre av skot med skarp ammunisjon, fortel han.
Politiet i Oslo ønsker at kjøp og sal av knallvåpen skal regulerast strengare.
- Konverterte knallvåpen er populære til «eingongsbruk» der ein skal skyte nokon og deretter kaste frå seg våpenet, fortel Anders Rasch-Olsen, seksjonsleiar for spesielle operasjonar ved Felles eining for etterforsking og etterretning.
Knallvåpen kan blant anna bestillast på nettet, og eigarskapet er vanskeleg å spore, sidan dei ikkje blir registrerte. Dei er også mykje billigare enn originale skytevåpen.
Rasch-Olsen seier eit omgjort våpen ikkje kan gjere like stor skade som eit ekte våpen, men dei er farlege på kortare avstandar.
Politiet i Oslo har beslaglagt rundt 50 knallvåpen dei siste tre åra, av dei er cirka halvparten bygde om til funksjonelle handvåpen. Hittil i år er det beslaglagt rundt fem slike våpen i Oslo.
(©NPK)
Kriminalteknikar Gøran Dyvesveen seier det er blitt vanlegare å byggje om knallpistolar slik at dei kan brukast med skarp ammunisjon. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.