Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Høgsterett slår fast at offentleg tilsette som er sendt på reise og som står til disposisjon for arbeidsgjevar under reisa, skal rekne reisa som arbeidstid.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 04.06.2018 kl 17:51
Dommen er relevant for fleire hundre tusen arbeidstakarar her i landet. Slik regelverket blir praktisert i dag, vil reisetida normalt bli rekna som fritid, og ein vil ikkje ha rett til lønn eller avspasering med mindre det er avtalt med arbeidsgjevar.
Utgangspunktet for vurderinga er saka til ein norsk politimann som til vanleg arbeidde på Gaular lensmannskontor i Sogn og Fjordane. I fleire tilfelle der han vart sendt ut på oppdrag andre stadar i regionen, vart reisetida ikkje godkjent som arbeidstid.