Annonse

Pompeo diskuterte toppmøte med nordkoreansk general over biff

USAs utanriksminister Mike Pompeo møtte onsdag kveld Kim Jong-uns høgre hand i New York. 

Pompeo kom til ei leilegheit på Manhattan saman med leiaren for CIAs Korea-avdeling, Andrew Kim, onsdag kveld. Kort tid seinare kom til den nordkoreanske generalen og partitoppen Kim Yong-chol. Firestjernersgeneralen er den mest høgtståande nordkoreanaren som har besøkt USA sidan 2000.

Etter møtet, som varte i om lag halvannan time, sa Pompeo at det hadde vore «storarta» og at dei naut ein «amerikansk biff».

- Bra jobbmiddag med Kim Yong-chol i New York i kveld. Biff, mais og ost stod på menyen, tvitra Pompeo seinare på kvelden.

Det er planlagt to nye møte torsdag.

Ingen av partane snakka med pressa før middagen, men Pompeo skreiv ei melding på Twitter:

- Ser fram til å møte Kim Yong-chol i New York for å diskutere det potensielle møtet mellom Trump og Kim. Vi er forplikta til ei fullstendig, etterprøvbar og endeleg atomnedrusting på Koreahalvøya.

Det er framleis uklart om møtet mellom USAs president og Nord-Koreas leiar vil finne stad i Singapore 12. juni, men ifølgje Det kvite hus er det «forventa» at møtet går som planlagt.

- Vi førebur oss og forventar at det finn stad 12. juni, sa Trumps talskvinne Sarah Sanders onsdag.

Det er det tredje møtet mellom utanriksministeren og generalen, og etter at dei møttest i Nord-Korea skrytte amerikanaren av nordkoreanarens rolle i arbeidet med å legge til rette for toppmøtet mellom USAs president Donald Trump og Kim.

(©NPK)

Kim Yong-chol kom til New York onsdag. Foto: Seth Wenig / AP / NTB scanpix

Annonse