Pompeo: Nord-Korea-sanksjonar blir heva berre etter fullstendig atomnedrusting

USAs utanriksminister Mike Pompeo seier sanksjonane mot Nord-Korea berre blir heva etter ei fullstendig atomnedrustning.

På ein pressekonferanse i Sør-Korea torsdag sa utanriksministeren også at Nord-Koreas leiar Kim Jong-un har forstått at atomnedrustinga må skje raskt.

Utsegna kjem etter eit møte mellom toppdiplomatar frå Sør-Korea, USA og Japan i etterkant av det historiske møtet mellom USAs president Donald Trump og Kim. På pressekonferansen uttalte også den sørkoreanske utanriksministeren Kang Kyung-wha at alliansen mellom Sør-Korea og USA er «meir robust enn nokosinne».

I møtet lova dei kvarandre at dei saman skal sikre at Nord-Korea skrinlegg sitt atomprogram.

Avmålt Pompeo

Trump hevda møtet med Nord-Koreas leiar var eit historisk gjennombrot og den største diplomatiske hendinga i sitt presidentskap. Pompeo er meir avmålt. Han har uttalt at USA ønsker at Nord-Korea skal ta «store» steg mot atomnedrusting før Trumps presidentperiode er over i 2021.

Pompeo prøver dermed å slå tilbake kritikk om at avtalen som Kim og Trump skreiv under på i Singapore, ikkje viser til verifisering av atomnedrusting i Nord-Korea. I forkant av toppmøtet hadde amerikanske myndigheiter uttalt at nedrustinga må vere «fullstendig, verifiserbar og irreversibel».

Trump tvitra onsdag Nord-Korea ikkje lenger utgjer nokon atomtrussel. Trass i Trumps positive tone i kjølvatnet av møtet er ekspertar bekymra over at Kim ikkje gav nokon konkrete garantiar på toppmøtet, samtidig som han sikra seg svært god publisitet.

Vidare til Beijing

Seinare torsdag er det venta at Pompeo flyg til Beijing for å informere kinesiske myndigheiter om innhaldet i møtet mellom Trump og Kim.

Mens Kim så langt har komme med få konkrete løfte, har Trump sagt at han ønsker å stanse dei felles militærøvingane til USA og Sør-Korea.

Utspelet vakte ikkje berre glede i Nord-Korea, men høgst sannsynleg også i Kina. Kinesiske myndigheiter har lenge meint at USA bør stanse øvingane i Sør-Korea - parallelt med at Nord-Korea innstiller sitt atomprogram.

(©NPK)

USAs utanriksminister Mike Pompeo, Sør-Koreas utanriksminister Kang Kyung-wha og Japans utanriksminister Taro Kono. Foto: Kim Hong-ji / Pool Photo via AP / NTB scanpix

Annonse