Premier League tillèt fem byte

Når Premier League startar opp igjen 17. juni, vil alle lag ha moglegheita til å byte fem gonger. Det vart bestemt på videokonferansen mellom klubbane torsdag.

Alle 20 laga i ligaen deltok i møtet torsdag, der dei diskuterte ulike tema inn mot oppstarten 17. juni. Då møter Manchester City og Arsenal, og dessutan Aston Villa og Sander Berges Sheffield United.

Eitt av forslaga som vart vedtekne, var at alle laga kan få moglegheita til å byte fem gonger i dei resterande kampane av 2019/20-sesongen.

Dette har òg klubbane i Tyskland nytta seg av. Tidlegare har det vore tre innbyte som har vore tillate. Dei fem innbyta kan derimot berre skje maks tre gonger for kvart lag.

I tillegg kan alle laga ha med ni spelarar på benken. Før koronaviruset tok over verda, var det berre lov med sju.

(©NPK)

Når Premier League startar opp att 17. juni, vil alle lag ha moglegheita til å byte fem gonger. Det vart vedteke på videokonferansen mellom klubbane. Her Sergio Agüero. Foto: Rui Vieira, File / AP / NTB scanpix.

Annonse