Presidenten i EU til Erna Solberg: De er vår beste venn 

Det finst ikkje noko betre, fastslår president i EU Donald Tusk om forholdet til Noreg. 

- Når det gjeld nære partnarar, finn du beint fram ikkje nokon som står oss nærmare enn Noreg. Og i dag trengst slike partnarar meir enn nokosinne, sa Tusk då han fekk besøk av statsminister Erna Solberg (H) tysdag.

Dei to heldt eit halvtimes møte der dei var innom ei rekke ulike tema, som handelskonfliktane med USA, EØS-samarbeidet, brexit, forsvars- og sikkerheitssamarbeid, Midtausten, Vest-Balkan og situasjonen i Tyrkia.

- Forholdet vårt er nært og stabilt. Og det som held oss saman, er meir enn berre økonomiske interesser. Det som er viktig for EU, er viktig for Noreg og vice versa, sa Tusk.

Solberg følgde opp ved å framheve EU som nettopp den type samarbeid som trengst i verda i dag.

- Vi treng meir samarbeid, ikkje mindre. EU er eit eksempel på forpliktande samarbeid mellom land. Det burde verdsetjast høgare, sa Solberg.

- Vi er alle klar over at vi lever i ein tid med stor global uvisse. Derfor er vårt samarbeid og vår dialog med EU viktigare enn nokosinne, sa ho.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg (H) møtte president i EU Donald Tusk då ho besøkte Brussel tysdag. Foto: Virginia Mayo / AP / NTB scanpix

Annonse