Klargjør siden...

PST varsla om bitcoinfabrikk i Alvdal

Nordavind, selskapet som legg til rette for den russiske utbygginga av ein bitcoinfabrikk i Alvdal, opplyser at dei har hatt rutinemessige møte med PST.

- For oss er det openbert tilfeldig at russarane kjem til Alvdal akkurat no, seier Arild Løkvik i Nordavind til Aftenposten.

PST bekreftar at dei er kjent med den russiske aktiviteten i Alvdal, men ønsker ikkje å kommentere deira vurdering av dette. Det seier seniorrådgjevar Martin Bernsen i PST.

På spørsmål frå avisa om PST trur det er tilfeldig at russarane etablerer seg i Alvdal like før den største Nato-øvinga som er blitt gjennomført i Noreg svarar han:

- Ei Nato-øving er sjølvsagt eit svært interessant etterretningsobjekt for framandstatar, og vi veit at det for tida er eit høgt etterretningsnivå retta mot Noreg.

Det var like før jul det vart klart at eit russisk datafirma skal satse stort på den digitale valutaen bitcoin i Alvdal i Hedmark. Selskapet New Mining Company har som mål å skape 10-15 arbeidsplassar i løpet av 2018, og opp mot 50 arbeidsplassar i løpet av 2019. Selskapet vil investere rundt 30 millionar euro neste år, og ytterlegare 75 millionar euro i 2019.

Nordavind DC, som skal byggje datasenteret, er eigd av fleire kommunar og kraftselskap i Hedmark.

(©NPK)

Kryptovaluta, som bitcoin, er i ei rivande utvikling. No vil russiske investorar satse hardt på utvikling av slik valuta, og satsar nærmare 1 milliard kroner på norske dataserverar i Hedmark. Illustrasjonsfoto: Kin Cheung / AP / NTB scanpix

Annonse