Klargjør siden...

Putin meiner vestlege sanksjonar er utan effekt

Dei vestlege sanksjonane mot Russland har ikkje verka, og både Russland og Vesten ville tent på at dei blei oppheva, meiner president Vladimir Putin. 

Under eit besøk i Austerrike tysdag sa Putin at sanksjonane er skadelege for alle som sette dei i verk, og for alle som blir råka av dei.

Både USA, EU, Noreg og andre vestlege land innførte sanksjonar mot Russland som følgje av den russiske annekteringa av den ukrainske Krimhalvøya og støtta Russland gir til prorussiske separatistar aust i Ukraina.

Saman med eit fall i oljeprisen har sanksjonane bidratt til at russisk økonomi har vore gjennom ein to år lang resesjon.

No har derimot russisk økonomi tatt seg opp, og Putin meiner at både Russland og EU har felles interesse av å ta opp att det økonomiske samarbeidet fullt ut.

(©NPK)

President i Russland Vladimir Putin var tysdag på besøk i Austerrike der han blant andre møtte president Alexander Van Der Bellen. Foto: AP / NTB scanpix

President i Russland Vladimir Putin under ein felles pressekonferanse med president Alexander Van Der Bellen i Austerrike. Foto: Ronald Zak / AP / NTB scanpix