Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Friidrettsprofilen Jonathan Quarcoo (21) viste form allereie i den første 200 meteren i sesongen. Tida 20,69 er under EM-kravet.
egil.sether@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 28.05.2018 kl 09:53
Quarcoo var på startstrek under Romerikslekene i helga og beviste at han har gjort ein god treningsjobb gjennom vinteren.
Tida 20,69 er den fjerde beste for Orion-løparen på distansen nokon gong.
Quarcoo er også inne på topp 20 i Europa denne sesongen.
Fort sprang også Vidars Line Kloster under Romerikslekene. Ho stilte til start på den litt uvanlege distansen 300 meter hekk og hadde selskap i startfeltet av blant andre Amalie Iuel.
I sesongdebuten utandørs storma Kloster inn til siger på tida 38,97. Ho knuste dermed den norske bestenoteringa på distansen med nærmare to sekund og slo Iuel med 38 hundredelar.
Tiden skal vere den sjette raskaste i verda på distansen nokon gong.
(©NPK)
Jonathan Tetteh Quarcoo sprang ein sterk 200 meter under Romerikslekene. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix