Raja fryktar Ap-forslag vil gje eit A- og B-lag med flyktningar

- Usolidarisk, meiner Abid Raja (V) om forslaget som migrasjonsutvalet til Ap la fram onsdag.

- Usolidarisk, meiner Abid Raja (V) om forslaget som migrasjonsutvalet til Ap la fram onsdag.

- Dette må jo vera i strid med solidaritetstradisjonen til arbeidarrørsla. Her må LO gripa inn og setja foten ned, seier Raja.

Han har merka seg at Ap-utvalet føreslår eit klarare skilje mellom flyktningar som blir individuelt forfølgde og personar som har krav på vern som følgje av krig og konflikt, men som ikkje er individuelt forfølgde. Sistnemnde skal få subsidiært vern, ifølgje forslaget.

- Her blir det lagt opp til to ordningar, der nokon har fulle rettar og andre får mellombels opphald med avgrensa rettar. Det vil føra til at vi får tusenvis av personar i Noreg utan intensiv til å bli integrert, fordi dei ikkje veit kor lenge dei får lov til å bli. All erfaring viser at det mellombelse er uheldig og at vi endar med ei stor gruppe tikkande bomber, meiner Raja.

(©NPK)

Abid Raja er kritisk til forslaget frå migrasjonsutvalet til Ap om å skilja mellom asylsøkjarar som er individuelt forfølgde og dei som har krav på vern frå krig og konflikt, men som ikkje er individuelt forfølgde. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Annonse