Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Ei ny måling viser raudgrønt fleirtal på Stortinget. Raudt kjem over sperregrensa, mens Venstre og KrF hamnar under.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 07.09.2018 kl 16:55
Samla får Ap, Senterpartiet, SV, Raudt og MDG ei oppslutning på 50,8 prosent. Dei sikrar seg med det 88 av dei 169 mandata på Stortinget, viser målinga Norstat har laga for NRK.
Det er den tredje NRK-målinga på rad at Raudt er over sperregrensa. Med ei oppslutning på 4,4 prosent hadde Raudt kome inn på Stortinget med åtte representantar. I så fall hadde partiet komme på vippen i Stortinget. Det kommenterer partisekretær Kjersti Stenseng i Arbeidarpartiet slik overfor NRK:
- Det vi er opptatt av no, er lokalvalet om eitt år. Vi har samarbeidd med Raudt i mange kommunar og kjem til å gjere det også etter kommunevalet. Og så, på Stortinget, kan vi samarbeide med Raudt frå sak til sak. Men når det gjeld regjeringssamarbeid, så sa vi i fjor haust at det ikkje er aktuelt å ha Raudt med inn i regjering, seier Stenseng.
Høgre går i målinga tilbake 0,9 prosentpoeng til ei oppslutning på 26,6 prosent, og Frp går fram med 1,2 prosentpoeng til 13,9 prosent. Både KrF og Venstre hamnar under sperregrensa på 4 prosent. Til saman får Høgre, Frp, Venstre og KrF støtte frå 46,9 prosent av veljarane og dermed 80 mandat på Stortinget. Dei må ha 85 for å få fleirtal.
Men sjølv om dette partibarometeret peikar mot eit regjeringsskifte, kan Erna Solberg gle seg over at ho framleis er meir populær enn Ap-leiar Jonas Gahr Støre. På spørsmål om kven dei helst vi ha som statsminister, svarer 52,9 prosent av dei spurde Solberg og 30,6 prosent Støre. 16,5 prosent seier at dei ikkje veit.
Feilmarginen i Norstat-målinga er 1,1 til 3,2 prosentpoeng.
(©NPK)
Ap-leiar Jonas Gahr Støre kan gle seg over framgang på ny meiningsmåling. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.