Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Rosenborg-spelarane seier i ei pressemelding til NTB at dei er «monumentalt uenige i avgjerda i styret» etter at trenar Kåre Ingebrigtsen fekk sparken.
steinar.bjerkmann@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 20.07.2018 kl 16:09
Ei samla spelargruppe bad leiinga om å innsette både Kåre Ingebrigtsen og assistent Erik Hoftun igjen, men ble ikkje høyrt.
«Vi, en samlet spillergruppe, er monumentalt uenig i styrets beslutning om å avskjedige Kåre og Erik. En samlet spillergruppe har stått bak trenerteamet til siste slutt, og gruppa mener de var og ville vært best skikket til å utvikle oss videre. Spillergrupp ba om at styret skulle gjeninnsette Kåre og Erik, men styret sto på sitt», skriv Rosenborg-spelarane i ei melding til NTB.
Meldinga er signert «Spillergruppa i Rosenborg».
Resten av meldinge er slik:
«Vi takker for fire fantastiske år, med meget gode resultater og gjenreisingen av Rosenborg som Norges desidert største klubb.
Ingen tidligere RBK-trener har like gode resultater i sine fire første år i klubben.
Videre vil vi forholde oss profesjonelt til de som nå kommer inn, og vil gjøre vårt ytterste for å prestere i kommende kamper.
Klubben er viktigst.
Utover dette vil vi ikke gi noen ytterlige kommentarer, for å ha maks fokus i perioden framover».
RBK-styreleiar Ivar Koteng sa dette om Ingebrigtsens avgang torsdag:
- Vi er ute etter kva som kan gjerast betre, og vi trur vi har tatt ut potensialet til Kåre. Ein trenar må ha minst tre nivåer: Fagmann, leiar og pedagog, og på alle dei felta ønsker vi å bli betre, sa Koteng.
Ingebrigtsen sjølv sa dette til VG torsdag kveld:
- Eg trur ikke dei finn ein betre trenar for Rosenborg. Eller, for å seie det på ein annan måte: Eg trur ikkje dei har råd til å hente ein topp-topp fotballtrenar. Til ein fornuftig pris finn dei ikkje ein betre trenar enn meg.
(©NPK)
Kåre Ingebrigtsen fekk torsdag beskjed om at han er ferdig som RBK-trenar. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.