Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Arbeidsgivarane var ikkje inviterte da regjeringa for femte år på rad arrangerte nasjonal integreringskonferanse. Kritikkverdig, meiner høgskolelektor.
trine.andersen@ntb.no/gunnhild.skjold@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 19.09.2018 kl 13:34
- Eg meiner det er sterkt kritikkverdig at arbeidsgivarsida ikkje er tydelegare til stades på slike konferansar, seier Hoger Amin Karadaki, høgskolelektor ved Høgskolen i Østfold.
- Når vi snakkar om integrering, snakkar vi om at to ting er viktige: Språket og det å få seg jobb. Å arrangere slike konferansar utan at arbeidsgivarar er inviterte, skaper eit stort hol. Vi må jo få perspektivet deira også, seier han.
Statsministeren og tre statsrådar deltok på integreringskonferansen, som i år handlar om utdanning. Der var også forskarar og representantar for innvandrarråd og organisasjonar, og tilsette i direktorat, kommunar og utdanningssektoren. Dei var inviterte for å diskutere korleis flyktningar og innvandrarar skal komme seg gjennom skole og utdanning og inn i arbeidslivet, noko alle er einige om er vegen til integrering.
Men dei som vaktar porten til arbeidsplassane - arbeidsgivarane - var ikkje inviterte. Det trass i at deltakarane på den årlege konferansen i fjor nettopp ønskte at dei skulle bli inviterte, ifølgje rapporten frå integreringskonferansen 2017.
Karadaki viser til forsking som tyder på at ein del arbeidsgivarar er skeptiske til folk med ein annan kulturell bakgrunn.
- Har du eit namn frå eit anna land, minskar sjansen din til å få jobb med 25 prosent, påpeiker høgskolelektoren, som etterlyser kurs og haldningskampanjar retta mot arbeidsgivarane.
Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) var sjølv innom problemet i opningsinnlegget sitt:
- Både på veg inn i arbeidslivet og andre stader møter nokre dessverre stengde dører og høgare tersklar for å komme inn. Fordi dei ikkje har eit norsk etternamn. Her sviktar både offentlege og private arbeidsgivarar, sa han.
Likevel forsvarer både han og statsministeren at arbeidsgivarane ikkje er inviterte til den nasjonale integreringskonferansen.
Solberg viser til at arrangementet erstattar det som tidlegare var eit kontaktutval mellom styresmaktene og innvandrarorganisasjonane.
- Det har ikkje vore ein tradisjon at ein har arbeidsgivarar eller partane i arbeidslivet med på det, seier ho til NTB.
Regjeringa løfter utfordringa med å gi innvandrarar innpass i arbeidslivet i mange andre samanhengar, ifølgje Solberg.
Også Sanner viser til andre møtepunkt, blant anna kompetansepolitisk råd der partane i arbeidslivet deltar.
- På førre møte tok vi opp mangfaldsleiing og diskrimineringa i arbeidslivet. Dette er eit viktig tema som vi jobbar systematisk med, seier han.
På spørsmål om det er aktuelt å stille krav til arbeidsgivarar for å sikre flyktningar og innvandrarar innpass, svarer han:
- Vi kan ikkje stille eit krav til private arbeidsgivarar på dette feltet. Men vi legg til grunn at dei ser verdien av mangfald. Det er ein positiv verdi å ha arbeidstakarar som kan ulike språk og har erfaring frå ulike kulturar.
Det er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) som arrangerer konferansen på vegner av regjeringa.
(©NPK)
Nøkkelen til integrering er å realisere seg sjølv, komme i jobb og bidra i det norske samfunnet, sa statsminister Erna Solberg (H) da ho opna den nasjonale integreringskonferansen onsdag. Det er femte gong konferansen blir arrangert. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix