Klargjør siden...

Regjeringa kallar inn til møte etter misnøye med rovdyrforvaltninga

Regjeringa kallar inn til møte etter at 150 ordførarar skreiv brev til statsministeren der dei erklærer misnøye med rovdyrforvaltninga.

I eit svarbrev frå klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) går det fram at han saman med statsministeren og den ferske landbruksministeren Bård Hoksrud (Frp) inviterer eit utval av desse ordførarane til møte hos Klima- og miljødepartementet onsdag neste veke, skriv Nationen.

«Vi finn det hensiktsmessig å avgrense antall på deltakere i møtet for å legge til rette for dialog og har i utvelgelsen blant annet lagt vekt på hvem som er avsendere av oppropet i hvert fylke, skadebildet denne sommeren og geografisk fordeling», heiter det i brevet.

Ordførarane, som er frå Troms, Trøndelag, Oppland, Hedmark og Nordland, skreiv at det er nødvendig med ein full gjennomgang av rovviltforliket og «apparatet som er satt til å følge opp forliket i praksis». Dette må omfatta målsetjinga for rovviltforliket, beiteprioriterte område, bestandsmål og kalvingsområde for tamrein, ifølgje ordførarane.

- Stadig fleire beitebrukarar gjev uttrykk for at dei opplever den rådande situasjonen som ei langsam, men sikker avvikling av høvet til å bruka den fantastiske ressursen beitenæringa er heilt avhengig av, heiter det i brevet.

(©NPK)

Regjeringa kallar inn til møte etter at 150 ordførarar har skrive brev der dei erklærer misnøya si med rovdyrforvaltninga. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix