Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
I dag er det berre lov med sprøyter og heroin på sprøyteromma i Noreg. No kan dette bli endra.
dag.kjorholt@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 28.05.2018 kl 11:35
Det sa helseminister Bent Høie (H) under eit besøk på Strax-huset og sprøyterommet i Bergen måndag, skriv Bergensavisen.
I dag er det berre lov å sette sprøyter med heroin i norske sprøyterom. Dette gjer at dei som enten røykjer heroin eller bruker andre rusmiddel, ikkje kan bruke desse fasilitetane.
- Vi sender i dag ut eit forslag om lovendring av sprøyteromslova til eit brukarrom. Vi foreslår å opne for injisering av andre stoff enn heroin og for røyking av heroin, seier Høie.
Han understrekar at føremålet med lova er å redusere talet på overdosar.
Miljøminister Ola Elvestuen (V), som også var med på besøket, påpeikar at verda har endra seg sidan sprøyteromslova vart vedtatt.
- Dette er eit forslag om endring i lovverket, og så blir det opp til kvar enkelt kommune om dei vil nytte det, seier han.
Ei endring av sprøyteromslova er nedfelt i Jeløya-plattforma til regjeringa. Forslaget skal no sendast ut på høyring. Behandlinga av lovforslaget vil ta rundt eitt år.
Forslaget om å endre lova for å tillate andre rusmiddel vart også diskutert i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget i fjor vår. Den gong stemte Høgre ned forslaget.
(©NPK)
Sprøyterommet i Oslo. No foreslår regjeringa at det skal bli lov å injisere andre stoff enn heroin i slike rom. Foto: Tore Meek / NTB scanpix