Annonse

Rekordmange fekk norsk statsborgarskap i fjor 

Til saman fekk 21.600 personar norsk statsborgarskap i 2017 - det er ny rekord med god margin og 7.900 fleire enn året før.

80 prosent av dei som fekk norsk statsborgarskap, kom frå land utanfor Europa, melder Statistisk sentralbyrå (SSB) onsdag.

I 2016 vart 11.300 personar med bakgrunn utanfor Europa norske statsborgarar, mens tilsvarande tal i 2017 var 18.200.

Eritreiske statsborgarar utgjorde med 3.000 tildelingar den største gruppa som fekk norsk statsborgarskap. Deretter følgde somaliarar med 1.700, thailendarar med 1.650, filippinarar med 1.400 og afghanarar og irakarar med omkring 1.200 statsborgarskap kvar.

- Auken på vel 7.900 i 2017 er den største vi så langt har sett frå eit år til det neste. Prosentvis var auken i 2005 på tilsvarande nivå, men det absolutte talet, 4.500, var lågare, seier rådgjevar Ghazala Naz i SSB.

Som hovudregel må ein ha hatt sju års lovleg opphald i Noreg, før ein kan søke norsk statsborgarskap. Vel tre firedelar av dei som fekk norsk statsborgarskap i 2017 hadde budd i Noreg i åtte år eller mindre.

Vel halvparten, 56 prosent, av dei som fekk statsborgarskap i fjor var kvinner.

- Fordelinga på kjønn varierer mykje mellom bakgrunnslanda. Kvinnedelen var spesielt stor blant tidlegare statsborgarar frå Thailand og Ukraina, med høvesvis 86 og 79 prosent kvinner, påpeikar Naz.

På den andre sida har borgarar frå Sudan og Syria mannsdelar på 65 og 63 prosent. Nesten ein av tre av dei som fekk norsk statsborgarskap i fjor var barn.

(©NPK)

Rekordmange fekk norsk statsborgarskap i fjor. Bildet er frå statsborgarseremonien i Oslo rådhus i 2007. Under seremonien, som er frivillig, får nye norske borgarar høve til å avleggje eit truskapsløfte. Foto Lise Åserud / NTB SCANPIX

Annonse