Annonse

Rekordsal av vifter i sommarvarmen

Uvanleg varme dagar gjer at nordmenn vil kjøle seg ned. Elkjøp melder om ein salsvekst på over 400 prosent på vifter i mai månad.

Elkjøps samla salstal i Noreg for såkalla klimaprodukt viser ein vekst på 255 prosent i mai i år, per 30. mai, samanlikna med same månad i fjor. Det skriv Finansavisen.

- Aircondition viser ein vekst på 274 prosent i mai. Rosina i pølsa er likevel viftesalet. Her viser mai månad ein vekst på heile 416 prosent samanlikna med same månad i fjor, seier kommunikasjonssjef Øystein Schmidt i Elkjøp Nordic.

Han opplyser at viftesalet har vore enormt i heile Norden.

- Vårt nordiske sal av vifter har auka med 444 prosent, mens salet av airconditionprodukt har auka med 202 prosent i mai i år, seier Schmidt.

Også hos Powel er det blitt sett vifterekord.

- Vi selde fleire vifter i går enn vi gjorde i heile mai i fjor, seier Thomas Martinsen, som er salssjef for kvitevarer, kjøkken og småelektrisk i Power.

Han har jobba i selskapet i 21 år, og seier han aldri har opplevd maken.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Erik Johansen / NTB scanpix

Annonse