Klargjør siden...

Rekordstor TV- og marknadsavtale for europeisk handball

Det europeiske handballforbundet (EHF) signerte søndag ein TV- og marknadsrettsavtale som er verd mellom 500 og 600 millionar euro over ti år.

Det europeiske handballforbundet (EHF) signerte søndag ein TV- og marknadsrettsavtale som er verd mellom 500 og 600 millionar euro over ti år.

Det svarar til 4,75 milliardar til 5,7 milliardar kroner.

Det er den største rettsavtalen i handballen nokosinne og gjeld alle EHFs turneringar i åra 2020 til 2030. Avtalen er inngått med dei to selskapa Infront og Perform og vart signert i samband med finalehelgen i meisterligaen for menn i Köln.

- Dette er eit stort steg for utviklinga av europeisk handball, seier EHF-president Michael Wiederer.

EHF arrangerer ei EM-turnering kvart år (menn og kvinner annakvart år), og meisterligaen og EHF-cupen for begge kjønn kvart år.

Avtalen omfattar også alle andre EHF-turneringar, som EM for aldersbestemte landslag og turneringar i strandhandball.

(©NPK)

Montpellier feirar med konfetti etter sin meisterligatriumf i handball. Sjefane i det europeiske forbundet kunne også juble etter å ha inngått ein rekordstor rettsavtale. Foto: Federico Gambarini, DPA via AP / NTB scanpix