Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Magnus Carlsen greidde ikkje å dra fordel av dei kvite brikkene og spelte remis mot indiske Dommaraju Gukesh i sjakkturneringa i nederlandske Wijk aan Zee.
Publisert: 24.01.2023 kl 18:46
Carlsen kom til partiet med to strake sigrar tysdag, men greidde ikkje å spele seg heilt opp i toppen etter at det enda med remis mot Gukesh.
Duellantane følgde kvarandre tett heile vegen, og då Gukesh unngjekk feiltrekk, greidde han å avvikle partiet til remis. Indaren hadde ein liten fordel mot slutten, men det var vanskeleg å finne sigersmoglegheita. Dermed vart dei samde om remis.
Den norske verdsmeisteren har fem poeng, medan det skil minst to poeng opp til leiaren, aserbajdsjanske Nodirbek Abdusattorov. Han er ikkje ferdig med partiet sitt tysdag.
Carlsen er tittelforsvarar i prestisjeturneringa i Nederland, men fekk ein smell med to strake tap i runde fire og fem. Han har likevel spelt seg opp og er med i kampen om sigeren.
Det står att fire rundar. Carlsen møter iranske Parham Maghsoodloo onsdag. Iranaren spelte remis mot USA-stjerna Wesley So tysdag.
(©NPK)
Magnus Carlsen spelar den prestisjetunge sjakkturneringa i Wijk aan Zee. Her under Norway Chess i fjor. Foto: Carina Johansen / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.