Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Riggstreiken blir avslutta umiddelbart, melder Rederiforbundet.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 19.07.2018 kl 18:05
Norges Rederiforbund og Safe har komme til ei løysing i tarifforhandlingane for riggtilsette Safe-medlemmer gjennom Riksmeklaren.
Det skriv Rederiforbundet i ei pressemelding.
Ifølgje meldinga er resultatet i tråd med det som blei kommunisert som ei løysing i samband med tvungen mekling og svarar til det som blei avtalt med Industri Energi i mai.
- Det siste næringa trong var ein langvarig konflikt som sette renommeet til næringa, økonomien og arbeidsplassar i fare. Konflikten var i utgangspunktet heilt meiningslaus og vi er derfor fornøgd med at den no er avslutta, seier forhandlingsleiar i Rederiforbundet, Jakob Korsgaard.