Riksrevisjonen vil ha betre kontroll av utanlandstransaksjonar

Manglande kontroll fører til at Noreg går glipp av milliardinntekter, viser ein kontroll Riksrevisjonen har gjennomført av utanlandstransaksjonar.

Undersøkinga til Revisjonen, som blei overlevert Stortinget tysdag, viste at sjølv få kontrollar førte til at den skattepliktige inntekta auka med i gjennomsnitt cirka 10 milliardar kroner per år i perioden 2009 til 2016.

- Dette dreier seg om betydelege beløp. Meir effektiv kontroll kan føre til riktigare skattlegging og auka skatteinntekter, fastslår riksrevisor Per-Kristian Foss.

Over 60 prosent av verdshandelen over landegrensene skjer gjennom selskap med interessefellesskap. I interne transaksjonar bestemmer desse prisar over landegrensene, og dette påverkar skattleggingsgrunnlaget i det enkelte land betydeleg.

- Skattlegginga av fleirnasjonale selskap er eit stadig meir aktuelt tema i fleire land. Skattemotivert prising og flytting av overskot kan redusere skattlegginga betydeleg, konstaterer riksrevisoren.

Sp krev tiltak

Senterpartiet krev tiltak frå regjeringa og fleire kontrollar for å få bukt med problemet.

- Det er forbausande at regjeringa lar dette gå føre seg når dei bør vite kor skadeleg dette er for norske bedrifter og deira tilsette, seier finanspolitisk talsperson i partiet Sigbjørn Gjelsvik til NTB.

Han meiner det er i paradoks at skatteetaten brukar store ressursar på å kontrollere folk flest og små norske bedrifter samtidig som ein berre kikkar 2 prosent av dei utanlandske bedriftene i korta.

- Norske bedrifter opplever ein stadig tøffare konkurransesituasjon. Så lenge konkurransen er rettferdig, er dette noko bedriftene handterer på ein utmerkt måte. Men når utanlandske bedrifter ved hjelp av juks eller juridiske krumspring endar opp med å betale berre ein brøkdel så mykje skatt som norske bedrifter, blir det vanskeleg, påpeiker Gjelsvik.

Han kjem til å stille finansminister Siv Jensen (Frp) spørsmål om kva ho har tenkt å gjere med det store skattesnusket til utanlandske bedrifter og om ho kjem til å sørgje for at kontrollen av desse vil bli betre i framtida.

79 milliardar kroner

Undersøkinga viser at i perioden 2009 til 2016 har talet på påbegynte kontroller av internprising variert mellom 30 og 110 saker per år. Trass i auka ressursar var talet på i 2016 på same nivå som i 2009.

- Når dei kontrollane som er gjennomført desse åra har resultert i at skattepliktige inntektsbeløp er korrigert med cirka 79 milliardar kroner, viser det at det er grunn til å prioritere dette området. Kontroll er viktig for å oppnå god etterleving av regelverket, påpeiker Foss.

I 13 av 32 saker som er undersøkt, var behandlingstida over tusen dagar. Undersøkinga viser at skatteetaten i ein del saker er tilbakehaldne med å følgje opp at selskapa overheld opplysningsplikta si og fristar for dette.

- Skatteetaten bør kunne stille strengare krav og sette klarare fristar, seier Foss.

Kritiserer departementet

Frå 2017 kan det påleggjast tvangsmulkt på inntil 50.000 kroner når pliktige opplysningar ikkje blir gitt innan fastsett frist. Skattedirektoratet vurderer beløpet som lågt og lite relevant for denne typen saker.

- Finansdepartementet har i fleire budsjettproposisjonar understreka at kontroll av internprising er viktig og kan gi betydeleg auka skatteinntekt, men har ikkje sikra seg nærmare opplysningar om dette verken frå Skattedirektoratet eller ved eigne evalueringar eller analysar. Riksrevisjonen vurderer det som kritikkverdig, seier Foss.

Finansministeren meiner det er for tidleg å konkludere med at tvangsmulkt er lite relevant i internprisingssaker. Ho er derimot einig i at det kan vere hensiktsmessig å vurdere effekten av mulkt, men at det bør gjerast når reglane har fått virke i noko lengre tid.

(©NPK)

Riksrevisor Per-Kristian Foss. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Annonse