Klargjør siden...

Riksveg 3 gjennom Østerdalen stengt i Stor-Elvdal

Riksveg 3 gjennom Østerdalen vart fredag stengt mellom Opphus og Stai på grunn av store vassmengder over vegen. Flaum har ført til at fleire vegar er stengde.

For personbilar er det omkøyring via fylkesveg 215, 607 og 30 nordover til Tynset, og motsett rute for dei som kjem nordanifrå, opplyser Statens vegvesen.

Andre flaumstengde vegar er E16 mellom Kongsvinger og Masterud på strekninga Kløfta-Riksåsen (Riksgrensa) og riksveg 7 ved Nesbyen.

Også mindre vegar er stengde, blant anna fylkesveg 212 i Buskerud like ved påkøyringa til riksveg 7.

Frå før er også fylkesveg 606 på strekninga mellom Stai bru og Evenstad stengt, det same er fylkesveg 533 mellom Øksna og Rustad i Elverum.

Fredag vart også fylkesveg 436 i Vågå stengt mellom Lalm og Åsbrua etter eit jordras på vestsida av Lalmvatnet.

(©NPK)

Luftfoto frå E16 ved Kongsvinger der vegen vart stengt på grunn av flaum i Glomma onsdag. Vasstanden i Glomma er no på nivå med tiårsflaum. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix