Klargjør siden...

Ringnes kallar tilbake glasflasker med Stella Artois-øl

Det er oppdaga glaspartiklar i enkelte flasker med øl av typen Stella Artois. Ringnes kallar derfor tilbake ølflasker frå ein produksjonsserie.

Det er ikkje meldt om hendingar i Noreg som følgje av glaspartiklane i flaskene, melder Ringnes.

Tilbakekallinga gjeld berre éin bestemt produksjonsserie 33-centiliters flasker i Noreg med best før-dato 28.02.19. Desse flaskene har produksjonskode 52 og tidsstempel: 14:00-23.59.

Tilbakekallinga gjeld ikkje andre Stella Artois-produkt.

Ringnes ber kundar som sel denne øltypen om å fjerne flaskene frå utsalsstadane.

(©NPK)

Ringnes kallar tilbake eit parti 33-centiliters glasflasker med Stella Artois.
Foto: Ringnes / NTB scanpix

Annonse